Kva vil det seie å gå videre?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?
Kvar er eg i dag?
Har eg gått vidare?
Har eg endeleg klart å tilgje?
Kva vil det forresten seie å tilgje?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?
I det siste har eg tenkt at det å tilgje handlar meir om Gud enn meg sjølv.
Det handlar meir om å legge alt på Gud
og seie her er eg Gud,
med alt som gjer vondt og som er sårt.
I møte med Gud er eg sårbar. Han ser jo rett igjennom meg.
Han ser visst eg ikkje har lagt frå meg sinnet mitt.
Han ser at det er kun meg sjølv eg sårar om eg ikkje tilgjev.
Når eg vågar å opne opp for Gud har eg ingenting meir å gøyme.
For eit par veker sidan fekk eg det finaste komplimentet når det gjaldt songen min.
Det var ei som verkeleg hadde lytta.
Ho kom bort til meg å sa at det var noe veldig vakkert med stemma mi.
Noko sårbart.
"Yes!" tenkte eg.
Endeleg ei som har fått med seg det eg formidla.
Det var ein lovsong eg song.
Den handla om å komme til Gud med alt eg har.
Sjølv om det ikkje er så mykje.
Sjølv om det berre er to små fisker og fem små brød.
Sjølv om det berre er tårar og sår.
Når eg gjev tårane, sinnet mitt, og såra mine til Gud,
då blir det plass til glede igjen.
Latter. Smil. Kjærlighet.
Det blir plass til Gud.
Og Gud er kjærleik.
Viser innlegg med etiketten Lovsang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lovsang. Vis alle innlegg
mandag 3. mars 2014
torsdag 8. august 2013
Når livet tårner seg som bølger...
" Jeg står her i din nærhet, ydmyket og svak, selv om hele verden raser tror du på meg"
Det siste året på vegen med Roadservice har vore eit utruleg spanande år men det har også vore eit år fyld av motsetningar: skyhøge toppar og botnar så lave at det var vanskeleg å skimte lyset i det fjerne. Det siste året føler eg at eg har vorte testa, men eg har kommet meg gjennom det heilskinna ut att på andre sida.
Det er ei god kjensle.
Dette året har eg fått kjenne at Gud er nær sjølv om livet er vanskelig og vondt til tider, eg har fått merke at Gud har gjeve meg styrke, og eg har opplevd kor utrulig rikt livet er når ein lever tett på Han.
" Når livet tårner seg som bølger, får jeg hvile i din kraft, her kan jeg la masken falle, for jeg vet at du ser meg, og gir meg styrke til å stå, du holder meg, de løfter du gav gir meg håp.
Eg trudde eg skulle føle meg sterk dette året her, bare surfe på ei rosa sky. Slik vart det ikkje. Eg har blitt såra, ydmyka og trampa ned. Men eg har og fått komme til Gud med alt dette, fått kjenne at Han aldri var langt vekke uansett kor svak, sliten og lei eg var, uansett, var det trøst å få hos han.
For meg så har det vore spesielt fire lovsongar som har gått på repeat, og som har betydd mykje for meg dette året:
Du ser meg - Radiate
Takk at du - Radiate
Kom til Jesus - Ole Kristian og Marte Sameien
Gjort meg Glad - Ungfila
Orda i desse songane vart for meg orda som Gud gav til meg for å gi meg styrke og mot til å gå vidare på dei oppgåvene Han la framfor meg dette året.
"I ditt ord har du sagt, at Du er trofast gjennom alt, i din kjærlighet.
For i deg er jeg skapt, i ditt bilde i kraft, til et liv i all evighet"
Eg berre elsker korleis brua i denne lovsangen berra hamrar på om og om igjen, med det samme budskapet: Gud er trofast, Gud er god og eg er skapt i Hans bilde, skapt for eit liv med Han i all æve. Det er godt det! Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sittet i bilen på veg heim frå nok eit show med roadservice, utslitt og lei, med denne songen på repeat og med tårer i øynene fordi den treff rett i hjertet kvar einaste gong.
"For Du er Gud, Du er så mye mer en jeg forstår. Du ser alt og hører meg.
Hjelp meg slippe taket, la deg lege mine sår, ta alt jeg har og gi til Deg"
Dei siste månadane etter vi slutta på Grenland har eg brukt til å prøve å gå vidare, til å slippe taket i alt det vonde, og å prøve å tilgi. Det er ikkje lett, og eg er ikkje heilt der enda, men eg nærmar meg. Det har vore sagt og gjort mange vonde og dumme ting dette året, og det har ein tendens klamre seg fast, sjølv lenge etter at ein sa at ein var ferdig med det.
Djevelen har prøvd å øydeleggje for meg og for resten av Roadservice dette året, han har spilt på usikkerhetene våre, og han har virkelig klart å øydeleggje mykje for teamet imellom. Men fordi vi hadde Gud med på laget klarte vi oppdraget vårt: å fortelje ungdommar i heile Noreg at Gud er vår Pappa og skaper, og at Han elskar oss og ønsker eit forhold med oss. Vi lukkast med det. Vi har levert ein uffatelig bra pakke til Konfirmantane og ungdommane, og eg er så utrulig glad og takknemleg for det.
"Du er mitt skjold, min del, min styrke, forløser, min tilflukt, sterke festing, tilstede med din hjelp i nøden stund."
Med Gud med på laget kan djevelen berre ryke og reise, for han har ingenting å stille opp mot Kongenes Konge og universets Skapar ( Er Gud for oss, kven er då imot oss? Rom. 8.31).
Vegen vidare er ein spanande veg. Eventyret er over og livet ventar. Gud har mykje bra i vente for meg dei neste åra, det veit eg. Han jobber med meg og eg kjenner at vi er på ein spanande veg akkurat no. Eg er i ferd med å verkeleg innsjå korleis eg vil leve resten av livet mitt, og eg møter på spennende mennesker som innspirerar meg å leve livet nærare Gud.
"Takk at du kommer med din kjærlighet, takk at du kommer med din Fred. Hvorhen jeg går, hvorhen jeg ser holder du meg"
lørdag 9. juni 2012
Løfter til å dø og leve på
Det er rart korleis ulike bibelvers, ulike løfter, følgjer ein i ulike periodar av livet, i haust, då farmor fekk slag og vart sjuk, samtidig som eg begynte på Solborg og var langt frå heime, var det: " Alt maktar eg i han som gjer meg sterk" ( Fil. 4:13) som surra i hodet mitt og gav med styrke til å halde fram å smile, le og fungere nogenlunde normalt, når eg følte at fleire av mine haldepunkt rasa vekk. Eg kom då, som no, stadig vekk tilbake til orda eg fekk frå dei andre på lederlinja på LS i fjor, om at Gud har gitt meg ei ryggrad av stål for å takle utfordringar som kjem til å møte meg i livet, om at eg har fått styrke for å kunne gje styrke vidare ( noko sånt som ta på si eiga maske før du kan hjelpe andre).
No i vår er det særleg dei siste orda i verset frå Josva 1:5 som har hengt seg fast i hjernebarken min: Josva 1:5 " Så lenge du lever skal ingen kunne stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg." Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg er eit godt løfte å halde i hjertet sitt når eg føler at Gud er langt borte, at eg har forvilla meg litt bort frå Han.
Josva 1:9 "Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går."
Dei første arbeidsdagane som stuepike var tøffe, og eg følte meg nedbrutt og sliten på veg heim. Eine dagen etter endt arbeidsdag, satt eg på bussen på veg heim, og var eigentleg mest klar for å sei opp heile jobben, då eg fekk Aldri går du frå meg av Impuls på øra:
Tidene skifter, Du er konstant
Selv når det stormer er Du som fjell
Tilværelsen hviler trygt i din hånd, Du har kontroll
Du kjenner mitt indre, Du vet hvem jeg er
Du vet hvem jeg er
For meg vart det nok ei påminning på at Gud er med meg, at han ser alt eg slit med og syns er vanskelig, og at han er med meg på kvart eit skritt.
Hebrearane 13: 6 "Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?"
Abonner på:
Innlegg (Atom)
