onsdag 20. november 2013

Takknemlig del 2

Som eg sa i forgje innlegg, eg er takknemlig. Det ordet som flyt mest rundt i tankane mine om dagen er takknemlighet. For er det ein ting det siste året har lært meg, så er at eg har uffatelig mykje i livet mitt å takke for og være takknemlig for. Eg er lykkeleg og glad, fordi livet smiler til meg, og det igjen gjer meg takknemlig. Her er litt meir a det eg er takknemlig for:

Takknemlig for ei kyrkje der kvar søndag er ein fest
Takknemlig for at denne kyrkja motbeviser teorien om at ein ikkje kan få ungdommar til å gå i kyrkja søndags morgen kl 11.
Takknemlig for fine venner som kjem på impulsivt besøk ein tirsdagskveld.
Takknemlig for nye venner som sender melding og spør om eg skal på gudstenese i dag.
Taknemlig.

Takknemlig for eit studie som utfordrar meg til å sjå på bibelen og Jesus med nye auge.
Takknmelig for kva dette gjer med trua mi.
Takknemlig for ein Gud som viser meg igjen og igjen kor sterk og mektig Han er, og at da Han stod oppigjen frå dei døde vant Han over døden, den gangen, i dag og kvar dag.
Takknemlig for at ingenting slår Jesu Kristi namn.
Takknemlig.

Takknemlig for den vesle stua mi,
for privatlivet den gjer meg,
for stillheita og plassen til å søke Gud her.

Hjertet mitt flyt over av takknemlighet.
Takk Herre!


mandag 11. november 2013

Takknemlig.

Haustmørket har begynt å legge seg utover, men her inne skinn sola framleis.
Eg er så takknemlig, eg har kjendt på det heile hausten. Kor takknemlig eg er, for at Gud har leda meg hit, på denne vegen, til denne byen, til dette studiet. Takknemlig for at eg tok vegen om eit team-år, for alle erfaringane det innbar, på godt og vondt. Takknemlig, det er det hjertet mitt og hovudet mitt seier akkurat no. Takknemlig.

Akkurat no er livet fint, det smiler rett og slett til meg. Det er eg så takknemlig for. Fordi eg har lært at livet ikkje alltid smiler. Derfor er eg ekstra takknemlig denne hausten, for å få lov å være her akkurat no, å berre smile og være glad.

"Its already getting better, He will never leave me"
Somedays - Matt Wertz

Kjære Herre, takk at Du er med, alltid. Takk at du har vist meg alt eg har i livet mitt å være takknemlig for denne hausten. Hjelp meg å fortsette å takke uansett kva som ligg framfor meg. Takk.
Amen

torsdag 8. august 2013

Når livet tårner seg som bølger...




" Jeg står her i din nærhet, ydmyket og svak, selv om hele verden raser tror du på meg"

Det siste året på vegen med Roadservice har vore eit utruleg spanande år men det har også vore eit år fyld av motsetningar: skyhøge toppar og botnar så lave at det var vanskeleg å skimte lyset i det fjerne. Det siste året føler eg at eg har vorte testa, men eg har kommet meg gjennom det heilskinna ut att på andre sida.

Det er ei god kjensle.

Dette året har eg fått kjenne at Gud er nær sjølv om livet er vanskelig og vondt til tider, eg har fått merke at Gud har gjeve meg styrke, og eg har opplevd kor utrulig rikt livet er når ein lever tett på Han.

" Når livet tårner seg som bølger, får jeg hvile i din kraft, her kan jeg la masken falle, for jeg vet at  du ser meg, og gir meg styrke til å stå, du holder meg, de løfter du gav gir meg håp.

Eg trudde eg skulle føle meg sterk dette året her, bare surfe på ei rosa sky. Slik vart det ikkje. Eg har blitt såra, ydmyka og trampa ned. Men eg har og fått komme til Gud med alt dette, fått kjenne at Han aldri var langt vekke uansett kor svak, sliten og lei eg var, uansett, var det trøst å få hos han.

For meg så har det vore spesielt fire lovsongar som har gått på repeat, og som har betydd mykje for meg dette året:

Du ser meg - Radiate
Takk at du - Radiate
Kom til Jesus - Ole Kristian og Marte Sameien
Gjort meg Glad - Ungfila

Orda i desse songane vart for meg orda som Gud gav til meg for å gi meg styrke og mot til å gå vidare på dei oppgåvene Han la framfor meg dette året.

 "I ditt ord har du sagt, at Du er trofast gjennom alt, i din kjærlighet. 
For i deg er jeg skapt, i ditt bilde i kraft, til et liv i all evighet"

Eg berre elsker korleis brua i denne lovsangen berra hamrar på om og om igjen, med det samme budskapet: Gud er trofast, Gud er god og eg er skapt i Hans bilde, skapt for eit liv med Han i all æve. Det er godt det! Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sittet i bilen på veg heim frå nok eit show med roadservice, utslitt og lei, med denne songen på repeat og med tårer i øynene fordi den treff rett i hjertet kvar einaste gong.

"For Du er Gud, Du er så mye mer en jeg forstår. Du ser alt og hører meg.
Hjelp meg slippe taket, la deg lege mine sår, ta alt jeg har og gi til Deg"

Dei  siste månadane etter vi slutta på Grenland har eg brukt til å prøve å gå vidare, til å slippe taket i alt det vonde, og å prøve å tilgi. Det er ikkje lett, og eg er ikkje heilt der enda, men eg nærmar meg. Det har vore sagt og gjort mange vonde og dumme ting dette året, og det har ein tendens klamre seg fast, sjølv lenge etter at ein sa at ein var ferdig med det.

Djevelen har prøvd å øydeleggje for meg og for resten av Roadservice dette året, han har spilt på usikkerhetene våre, og han har virkelig klart å øydeleggje mykje for teamet imellom. Men fordi vi hadde Gud med på laget  klarte  vi oppdraget vårt: å fortelje ungdommar i heile Noreg at Gud er vår Pappa og skaper, og at Han elskar oss og ønsker eit forhold med oss. Vi lukkast med det. Vi har levert ein uffatelig bra pakke til Konfirmantane og ungdommane, og eg er så utrulig glad og takknemleg for det.

 "Du er mitt skjold, min del, min styrke, forløser, min tilflukt, sterke festing, tilstede med din hjelp i nøden stund."

Med Gud med på laget kan djevelen berre ryke og reise, for han har ingenting å stille opp mot Kongenes Konge og universets Skapar ( Er Gud for oss, kven er då imot oss? Rom. 8.31).


Vegen vidare er ein spanande veg. Eventyret er over og livet ventar. Gud har mykje bra i vente for meg dei neste åra, det veit eg. Han jobber med meg og eg kjenner at vi er på ein spanande veg akkurat no. Eg er i ferd med å verkeleg innsjå korleis eg vil leve resten av livet mitt, og eg møter på spennende mennesker som innspirerar meg å leve livet nærare Gud.

"Takk at du kommer med din kjærlighet, takk at du kommer med din Fred. Hvorhen jeg går, hvorhen jeg ser holder du meg"

lørdag 20. april 2013

Vårteikn


Våren er på veg. Vårsola skin på vindauget og varmar godt. Eg er så glad i våren, når vinteren endelg smeltar bort og nye solstrålar kjem inn og smeltar ein kald vinterkropp. Eg klarar liksom aldri heilt å bestemme meg for kva årstid som er mi favoritt årstid, for kvar gong ei årstid går over i ei ny, så er eg heilt sikker på at dette må være mi favorittårstid.

Denne våren er ekstra fin, alt som har tunga denne vinteren (all usikkerheten, einsamheita midt i folkemengda, den følelsen av at om ingen berre kan ta to skritt bak og berre la deg puste, så kjem du til å bli kvalt) alt har liksom løsna litt. Eg flytta ut av leiligheta etter jul, og det hjalp veldig, endeleg har eg eit sted for meg sjølv eg kan puste ut og slappe av på. Pappa blei tilslutt operert, og etter ein del fram og tilbake vart han endeleg utskriven i vinterferien når eg var heime.

Eg begynte å skrive dette innlegget med ein gong dei aller første vårteikna kom i begynnelsen av mars, men det blei aldri fullført, kanskje fordi den hærlege tankerekka som eg var inne på her forsvant litt for meg i eit lite augneblink? Våren har også bydd på oppturar og nedturar, men først og fremst har våren bydd på varme, varme fra gode smil, solstråler og fine minner som har blitt skapt i vårsola.

I dag har vore ein slik dag, stryk det, dette har vore ei slik veke, ei veke med masse aktivitet og førebuingar. Eg har vore heldig denne veka, fått brukt og vist fram det beste av meg sjølv, av det eg har lært dette året, av scenetrygghet, organisering og gjennomføring.  Det har vore godt å kjenne litt på den følelsen av at dette meistrar eg, her er eg trygg, dette kan eg! Høydepunktet på veka vart for meg denne dagen, ute i sola med hoppeslotta og alle barna på markedsdagen,musikalen og ut å spise med gode mennesker på kvelden. Dette har vore gode dagar. Måtte det bli fleire av desse.




mandag 28. januar 2013

Livet om eit år?

Er du der du trudde du skulle være for eit år sidan? Har du gjort alt det du trudde du skulle gjere og oppnå i året som gjekk? Det har ikkje eg, eg har opplevd mykje og gjort utrulig mykje spennande og gøy. Men eg er så absolutt ikkje der eg trudde eg skulle være for eit år sidan.

For eit år sidan på dette tidspunktet var eg folkehøgskuleelev. Eg hadde frihelg. Og eg var på Impuls. Eg jobba i ein av kafeane og hadde ei travel, men kjekk og spennande helg. Lite visste vel eg at denne helga skulle snu opp ned på alt.. At den brosjyra som eg plukka opp første kvelden, før første møtet skulle endre på alle planar for det neste året. Kven hadde vel trudd det?!

Trudd at eg skulle gå inn på det førstet møtet, høre talen, og tilslutt når talaren sa at Gud hadde ein plan og eit kall til alle som satt der inne, at noko inni meg skulle skrike "ROADSERVICE! ROADSERVICE! ROADSERVICE!" om og om igjen inni hodet mitt. Nei det hadde vel ingen av oss trudd. Eg skulle jo til Oslo, begynne å studere, flytte inn i bokollektiv og rett og slett leve studentlivet.

Men Gud slapp ein murstein i hodet på meg, og tilslutt så hørte eg på Han og søkte. Og kom inn.

Nokon brukar å seie at når menneska legg planar ler Gud, eg trur kanskje ikkje Gud lo av planane mine, eg tenkjer meir ei lett humring og: "Jasså så du trur du skal studere du ja. Jaja eg skal vel vise deg kva du eigentleg skal".

Og no sitt eg her eit år etterpå og lurer skal eg virkelig studere til neste år? Eller har Gud andre planar for meg? Eg trur eg skal studere, eg føler meg relativt trygg på det. Men kven veit? Det var jo akkurat det samme eg sa i fjor. Og se kor eg hamna...

Er du heilt sikker på kva du skal det neste året? Kanskje har Gud andre planar for deg og? Kanskje Roadservice?

lørdag 9. juni 2012

Løfter til å dø og leve på


Løfter til å dø og leve på er det eg har skreve over eit bibelord i notatboka mi " Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå." (luk 21:33) I Bibelen er det mange løfter, men ein sein kveld i haust var det akkurat dette løftet som traff hjertet mitt. Løftet om at Guds ord er det samme i dag som den gongen det vart skreve, og at uansett om alt anna rundt meg rasar og forsvinn, så er han framleis der og held sine løfter til meg.

Det er rart korleis ulike bibelvers, ulike løfter, følgjer ein i ulike periodar av livet, i haust, då farmor fekk slag  og vart sjuk, samtidig som eg begynte på Solborg og var langt frå heime, var det: " Alt maktar eg i han som gjer meg sterk" ( Fil. 4:13)  som surra i hodet mitt og gav med styrke til å halde fram å smile, le og fungere nogenlunde normalt, når eg følte at fleire av mine haldepunkt rasa vekk. Eg kom då, som no, stadig vekk tilbake til orda eg fekk frå dei andre på lederlinja på LS i fjor, om at Gud har gitt meg ei ryggrad av stål for å takle utfordringar som kjem til å møte meg i livet, om at eg har fått styrke for å kunne gje styrke vidare ( noko sånt som ta på si eiga maske før du kan hjelpe andre).

No i vår er det særleg dei siste orda i verset frå Josva 1:5 som har hengt seg fast i hjernebarken min: Josva 1:5 " Så lenge du lever skal ingen kunne stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg." Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg er eit godt løfte å halde i hjertet sitt når eg føler at Gud er langt borte, at eg har forvilla meg litt bort frå Han.

Josva 1:9 "Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går."

Dei første arbeidsdagane som stuepike var tøffe, og eg følte meg nedbrutt og sliten på veg heim. Eine dagen etter endt arbeidsdag, satt eg på bussen på veg heim, og var eigentleg mest klar for å sei opp heile jobben, då eg fekk Aldri går du frå meg av Impuls på øra:

Tidene skifter, Du er konstant
Selv når det stormer er Du som fjell
Tilværelsen hviler trygt i din hånd, Du har kontroll
Du kjenner mitt indre, Du vet hvem jeg er
Du vet hvem jeg er
For meg vart det nok ei påminning på at Gud er med meg, at han ser alt eg slit med og syns er vanskelig, og at han er med meg på kvart eit skritt.

Hebrearane 13: 6 "Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?"


tirsdag 5. juni 2012

Krav - reposted

Kvardagen min som stuepike på eit av hotella i byen er ein travel kvardag med mange krav og eg sitt ofte igjen med følelsen av at eg ikkje strekk til etter eg er ferdig. Eg snubla over to gamle innlegg som eg skreiv i november 2009 om krav som eg egentlig kjendte at det traff meg veldig no. Kanskje er dette noko som er aktuelt for deg og?


Sett du krav til deg sjølv? Har du mål du vil oppnå? Kor langt går du for å nå desse måla?
Eg sett krav til meg sjølv, høge krav. Det er vel noko vi alle gjer til ein viss grad er det ikkje?
Og viss ikkje du sett dei krava er det i alle fall andre som sørgjer for å sette dei krava for deg.
Det er krav heile tida, over alt. Det er krav til karakterar, det er krav til drikking, krav til sex, krav til skjønnhet. Også vidare også vidare....

Eg sett krav til meg sjølv når det gjeld song. For eg veit eg kan synge bra, og når eg ikkje får det heilt til. Når det ikkje blir bra nok, når det ikkje blir fint nok, når det ikkje reint nok. Då blir eg skuffa. Skuffa over meg sjølv, skuffa over at eg ikkje klarar å bevise at eg klarar det, sjølv om songen er kjempevanskeleg. Du kjenner kanskje til følelsen at du ikkje meistrar noko?

Det er ingen god følelse. Men det veit du. Gjer du ikkje?

Eg føler ofte at eg har noko å bevise når det gjeld song. Kanskje fordi eg brenn så mykje for songen? Alltid når eg får ein ny solo føler eg at eg må bevise eit eller anna for nokon. Bevise at eg klarar det, bevise at eg kan det, bevise at eg er flink.  Fordi eg veit at eg kan klare det, eg veit at eg er flink nok.

Gud set ingen krav. Ingen krav utanom at du må tru på han for å bli frelst. Eg kan synge så falskt eg berre klarar og han vil fortsette å elske meg. Er ikkje det litt fint? Eg treng ikkje å bekymre meg om karakterane mine når eg står framfor gud, og ikkje om sminka mi er fin nok. I Guds auge er eg perfekt.

Alle krav som blir satt, alle krav som vart satt av Gud, dei er borte. Berre fordi Gud elska meg og sendte sin son for å dø på korset.

Eg trur ikkje vi heilt skjønnar kor stort og vondt det må være for Gud å sjå sin eigen son døy, å sende sin eigen son i døden. Vi tar litt for lett for det trur eg. " Gud sendte sin einborne son til jorda for å døy... Hæ?? For å dø?! " Slik tenkjer eg i alle fall ofte på det, eg gløymer kor vondt det er å miste nokon du er glad i.  For det var ikkje eit lite offer Jesus og Gud gjorde på korset....

Og med korset forsvann alle krav....