Er du der du trudde du skulle være for eit år sidan? Har du gjort alt det du trudde du skulle gjere og oppnå i året som gjekk? Det har ikkje eg, eg har opplevd mykje og gjort utrulig mykje spennande og gøy. Men eg er så absolutt ikkje der eg trudde eg skulle være for eit år sidan.
For eit år sidan på dette tidspunktet var eg folkehøgskuleelev. Eg hadde frihelg. Og eg var på Impuls. Eg jobba i ein av kafeane og hadde ei travel, men kjekk og spennande helg. Lite visste vel eg at denne helga skulle snu opp ned på alt.. At den brosjyra som eg plukka opp første kvelden, før første møtet skulle endre på alle planar for det neste året. Kven hadde vel trudd det?!
Trudd at eg skulle gå inn på det førstet møtet, høre talen, og tilslutt når talaren sa at Gud hadde ein plan og eit kall til alle som satt der inne, at noko inni meg skulle skrike "ROADSERVICE! ROADSERVICE! ROADSERVICE!" om og om igjen inni hodet mitt. Nei det hadde vel ingen av oss trudd. Eg skulle jo til Oslo, begynne å studere, flytte inn i bokollektiv og rett og slett leve studentlivet.
Men Gud slapp ein murstein i hodet på meg, og tilslutt så hørte eg på Han og søkte. Og kom inn.
Nokon brukar å seie at når menneska legg planar ler Gud, eg trur kanskje ikkje Gud lo av planane mine, eg tenkjer meir ei lett humring og: "Jasså så du trur du skal studere du ja. Jaja eg skal vel vise deg kva du eigentleg skal".
Og no sitt eg her eit år etterpå og lurer skal eg virkelig studere til neste år? Eller har Gud andre planar for meg? Eg trur eg skal studere, eg føler meg relativt trygg på det. Men kven veit? Det var jo akkurat det samme eg sa i fjor. Og se kor eg hamna...
Er du heilt sikker på kva du skal det neste året? Kanskje har Gud andre planar for deg og? Kanskje Roadservice?
mandag 28. januar 2013
lørdag 9. juni 2012
Løfter til å dø og leve på
Det er rart korleis ulike bibelvers, ulike løfter, følgjer ein i ulike periodar av livet, i haust, då farmor fekk slag og vart sjuk, samtidig som eg begynte på Solborg og var langt frå heime, var det: " Alt maktar eg i han som gjer meg sterk" ( Fil. 4:13) som surra i hodet mitt og gav med styrke til å halde fram å smile, le og fungere nogenlunde normalt, når eg følte at fleire av mine haldepunkt rasa vekk. Eg kom då, som no, stadig vekk tilbake til orda eg fekk frå dei andre på lederlinja på LS i fjor, om at Gud har gitt meg ei ryggrad av stål for å takle utfordringar som kjem til å møte meg i livet, om at eg har fått styrke for å kunne gje styrke vidare ( noko sånt som ta på si eiga maske før du kan hjelpe andre).
No i vår er det særleg dei siste orda i verset frå Josva 1:5 som har hengt seg fast i hjernebarken min: Josva 1:5 " Så lenge du lever skal ingen kunne stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg." Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg er eit godt løfte å halde i hjertet sitt når eg føler at Gud er langt borte, at eg har forvilla meg litt bort frå Han.
Josva 1:9 "Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går."
Dei første arbeidsdagane som stuepike var tøffe, og eg følte meg nedbrutt og sliten på veg heim. Eine dagen etter endt arbeidsdag, satt eg på bussen på veg heim, og var eigentleg mest klar for å sei opp heile jobben, då eg fekk Aldri går du frå meg av Impuls på øra:
Tidene skifter, Du er konstant
Selv når det stormer er Du som fjell
Tilværelsen hviler trygt i din hånd, Du har kontroll
Du kjenner mitt indre, Du vet hvem jeg er
Du vet hvem jeg er
For meg vart det nok ei påminning på at Gud er med meg, at han ser alt eg slit med og syns er vanskelig, og at han er med meg på kvart eit skritt.
Hebrearane 13: 6 "Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?"
tirsdag 5. juni 2012
Krav - reposted
Kvardagen min som stuepike på eit av hotella i byen er ein travel kvardag med mange krav og eg sitt ofte igjen med følelsen av at eg ikkje strekk til etter eg er ferdig. Eg snubla over to gamle innlegg som eg skreiv i november 2009 om krav som eg egentlig kjendte at det traff meg veldig no. Kanskje er dette noko som er aktuelt for deg og?
Sett du krav til deg sjølv? Har du mål du vil
oppnå? Kor langt går du for å nå desse måla?
Eg sett krav til meg sjølv, høge krav. Det er vel
noko vi alle gjer til ein viss grad er det ikkje?
Og viss ikkje du sett dei krava er det i alle fall
andre som sørgjer for å sette dei krava for deg.
Det er krav heile tida, over alt. Det er krav til
karakterar, det er krav til drikking, krav til sex, krav til skjønnhet. Også
vidare også vidare....
Eg sett krav til meg sjølv når det gjeld song. For
eg veit eg kan synge bra, og når eg ikkje får det heilt til. Når det ikkje blir
bra nok, når det ikkje blir fint nok, når det ikkje reint nok. Då blir eg
skuffa. Skuffa over meg sjølv, skuffa over at eg ikkje klarar å bevise at eg
klarar det, sjølv om songen er kjempevanskeleg. Du kjenner kanskje til følelsen
at du ikkje meistrar noko?
Det er ingen god følelse. Men det veit du. Gjer du
ikkje?
Eg føler ofte at eg har noko å bevise når det gjeld
song. Kanskje fordi eg brenn så mykje for songen? Alltid når eg får ein ny solo
føler eg at eg må bevise eit eller anna for nokon. Bevise at eg klarar det,
bevise at eg kan det, bevise at eg er flink. Fordi eg veit at eg kan
klare det, eg veit at eg er flink nok.
Gud set ingen krav. Ingen krav utanom
at du må tru på han for å bli frelst. Eg kan synge så falskt eg berre klarar og
han vil fortsette å elske meg. Er ikkje det litt fint? Eg treng ikkje å bekymre
meg om karakterane mine når eg står framfor gud, og ikkje om sminka mi er fin
nok. I Guds auge er eg perfekt.
Alle krav som blir satt, alle krav
som vart satt av Gud, dei er borte. Berre fordi Gud elska meg og sendte sin son
for å dø på korset.
Eg trur ikkje vi heilt skjønnar kor
stort og vondt det må være for Gud å sjå sin eigen son døy, å sende sin eigen
son i døden. Vi tar litt for lett for det trur eg. " Gud sendte sin
einborne son til jorda for å døy... Hæ?? For å dø?! "
Slik tenkjer eg i alle fall ofte på det, eg gløymer kor vondt det er å miste
nokon du er glad i. For det var ikkje eit lite offer Jesus og Gud gjorde
på korset....
Og med korset forsvann alle krav....
torsdag 16. februar 2012
tirsdag 15. november 2011
Gud sjå bak mine ord
" Gud se bak mine ord, det finst et liv som vil ære deg. Mitt ønske er at min sang skal stige opp til deg. Som lyden av min tilbedelse"
Desse er orda frå ein av mine favoritt lovsanger av Rudi Myntevik. I sommer da eg var på LS i Tromsø var vi på biltur eine dagen, heilt ut mot sommarøy. Det tok ei stund å kjøre ut dit og vi jentene som var med på lederlinja fullte opp ein bil og hadde bilstereoen på full guffe med lovsang. Blandt anna denne songen. Den innleia ein veldig interresant samtale: Kva betyr denne songen og desse orda for deg? Vi hadde alle fem heilt forskjellige tolkningar på denne songen, noko som eg syntest var uffateleg interessant. Eg kan ikkje heilt huske kva dei andre jentene la i denne songen men for ei handla det om å strekke seg etter Gud.
For meg har denne songen fått ein heilt annan betydning. For meg er denne songen ei bøn til Gud at han må sjå bak alle desse orda, for alt eg vil er jo berre å lovsynge han. I dag klager mange over lovsanger, at det bare blir tomme ord som vi syng. At vi synger at vi gjerne vil gi liva våre til Gud og Jesus, men så vil vi ikkje det likevel. Det vert berre tomme ord. Mitt ønske når eg lovsynger er at det ikkje berre skal være tomme ord. Kanskje meiner eg ikkje alle orda som eg syng, men at inne i hjertet mitt så er det ein lengsel etter å gjere desse orda til mine.
Her på Solborg har vi snakka litt i det siste om tungetale og korleis det er vårt hemmelige bønnespråk med Gud. Eg har aldri snakka i tunge før, men kanskje er lovsongen og bønna bak lovsangen mitt bønnespråk med Gud?
Kjære Gud, eg bare ber deg om at du må sjå bak alle orda i livet mitt, du må sjå bak orda i lovsongen min, slik at du kan sjå meg og den eg eigentleg er. Kjære Gud, eg takkar deg for at Du allerde gjer det. Takk og Amen!

Etiketter:
bønn,
Festival / leirliv,
Gud,
Jesus,
Solborg
onsdag 2. november 2011
Gatefoto i Stavanger
Det er lenge sia Speilrefleksen har fått være med meg ut på tur. Som oftest syns eg at det blir for stort og gå å drasse med meg rundt over alt. Så derfor blir det ofte lenge mellom kvar gong speilrefleksen får lov til å komme ut av fotobagen. Men på lørdag var det aktivitetssemnar igjen, og ein av aktivitetane vi kunne velge var gatefoto. Oppgava var nokså generell: Sett instillinga på svart/kvitt, kom deg ned i sentrum og sett igang.
Her har du ein smakebit på nokre av bilda mine:
Eg syntest det var uffateleg gøy og spennende og bare gå rundt heilt for seg sjølv i nokre timar og berre utforske sentrum med kameraet mitt. Eg følte meg meget sofistikert der eg gjekk med alpelue og heklasjal og eit kamera i handa. Gatefoto var ein spennande sjanger som eg ikkje har utforska tidligare, men som eg trur eg kanskje kjem til å utforske litt på eigenhand og, for dette var GØY!
PS! Visst du vil skjekke ut resultatet til resten av gjengen kan du ta ein titt her: http://galeogglobale.smugmug.com/Bilder2011-2012/Oppgaver/Gatefoto/19793316_LbJdxz#1555520765_kgFMtkV

tirsdag 24. mai 2011
Fridom i dag
Kva er fridom?
Er det å hoppe naken i sjøen ein varm sommardag?
Er det å kjøre bilen heilt åleine for første gong?
Er det retten til å seie det eg meinar?
Kva betyr fridom i dag?
For meg?
Mange flyktar til Noreg frå andre land, for å oppleve fridom. Dei har levd i krig og fattigdom heile sitt liv, og har rømt til fridommen. Trur dei.
Vi Noreg er stolte over å leve eit fritt land. Med talefridom, og pressefridom er vi sjølve definisjonen på fridom. Trur vi.
Det dei ikkje veit, det vi ikkje seier, er alle dei andre lovene vi har. Dei som ikkje er nedskrivne. Dei som seier kva ein kan ha på seg, kor mange kilo ein kan vege, og kor smart ein kan være. Ein skal skilje seg ut, men ikkje for mykje, ein skal være som alle andre, men ikkje for mykje. Ein skal være seg sjølv, men ikkje for mykje.
Det er malar på korleis ein skal sjå ut, kva ein skal ete, kva ein skal tru på. Ja ein skal respektere alle religionar, og helst ha prøvd eit par tre av dei og, men ikkje kristendommen, då. For dei kristne tek berre feil.
Og i virvaret mellom denne jungelen normer, skal ein helst ha det godt med seg sjølv. Viss ikkje skal ein lese eit vekeblad, for dei fortel deg korleis du skal ha det godt med deg sjølv, og ikkje minst korleis du skal ha god sex. For med sex vert alt bra igjen. I alle fall i følgje vekeblada.
Vi prøver gjerne å innbille både oss sjølve og dei rundt oss at livet vårt er perfekt, at stua vår alltid ser ut som de er tatt ut av ein Ikea katalog, og krangling i familien? Det er eit fenomen ein aldri har høyrt om. For det er så utruleg mykje lettare å berre late som om alt er perfekt, enn å stå fram å seie at ”Nei, alt er ikkje heilt greitt, det er vanskeleg”. For viss ein er heilt ærleg, innerst inne er det ikkje dette du vil høyre når du spør: ”Korleis har du det?”.
Ein vil helst berre bite tennene saman, for viss ikkje naboen seier det er vanskeleg, då treng vel ikkje eg heller å sei det?
Fridom i dag, for meg, er å kunne seie: Nei, i dag har eg det ikkje så bra, men viss du hjelper meg, og står saman med meg, så kan eg kanskje få ein betre dag i morgon?

Abonner på:
Innlegg (Atom)