(Sett på denne songen av Kari Jobe)
Av og til er det så lett å la seg rive med i den følelsesmessige berg og
dalbana kalla livet.
For denne våren har verkeleg vore ei kjenslemessig berg og dalbane for min del.
Eg kan ikkje hugse sist eg kjente meg så fysisk og mentalt sliten som eg gjorde denne våren. Det har vore mykje å skulle balansere to
jobbar, praksis, skule og Lagsarbeid.
Gud har velsigna meg rikeleg, men
det følgjer også ei utfordring med desse velsigningane, ei utfordring om
å stole på Gud til å gje meg energi og overskudd til å utføre alle
oppgåvene mine og at Han gjer meg mot og styrke til å fortsette også når eg
opplev at ting buttar litt i mot.
Ofte må Gud minne meg på å berre legge ting frå meg, desse tankane som berre kvernar om og om igjen i hovudet; ting som skal gjerast, oppgver som skal skrivast, rekningar som skal betalast.
Eg klarar ikkje å bere det åleine. Då er det godt at Jesus seier til meg: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! (Matt 11,28)
Av og til må eg berre gi alt det eg kjenner på til
Gud, å la han fylle livet mitt med meining, slik at eg kan stå
stødig sjølv om det er mykje rundt meg som trugar å vippe meg ut av
balanse.
Det er lettare sagt enn gjort, og noko Gud har utfordra meg på og minna meg gong på gong denne våren, men "steady my heart" har vore mi bøn til Gud dette semesteret, mitt største ønske og lengsel har vore å få kvile i Gud og å få stå stødig, og at eg ikkje så lett skal la meg blåse avgårde av dit kjenslene mine så lett vil ta meg.
Even when it hurts
Even when it's hard
Even when it all just falls apart
I will run to You
'Cause I know that You are
Lover of my soul
Healer of my scars
You steady my heart
And I will run to You
And find refuge in Your arms
And I will sing to You
'Cause of everything You are
I'm not gonna worry
I know that you've got me
Right inside the palm of your hand
- Kari Jobe
Midt oppi heile denne tankeprosessen starta eg ei dagbok denne våren.
Ei dagbok der eg skriv ned det eg opplev at Gud lærar meg, om livet, kjærleiken, og Han, og om meg sjølv. I det eine avsnittet har eg skreve som overskrift: Let Go and let GOD - > "Where God guides, God provides." Det handlar om å klare å gje slipp, for det er verkeleg ikkje enkelt å gje slipp på draumer, framtidsplanar og alltid berre stole 100% på at Gud har dette, han har kontrollen.
Men når eg trur på ein allmektig Gud, som vil meg det beste, så må eg også våge å tru at Gud vil lede meg på den vegen eg skal gå og at han vil gje meg det eg treng, når eg treng det. I mellomtida kan eg slappe av, og senke skuldrene i vissheit om at det til sjuande og sist er han som har kontrollen over mitt liv.
torsdag 30. juli 2015
lørdag 14. februar 2015
Kva bekymrar du deg for?
Begynnelsen på 2015 har vore skikkelig dritt eigentleg for min del, det har vore mykje styr, og mykje bekymringar for rekningar som skal betalast og berre ein rekke småting som har prøvd å trekke meg ned. Ting som ikkje har vore så store i seg sjølv, men som til saman nesten har vorte litt for mykje for meg.
Av og til blir det litt sånn for dei fleste av oss. Ting som tek fokuset vårt vekk frå det som verkeleg er viktig i livet, ting som tek fokuset vårt vekk i frå Gud.
Men har du lagt merke til kor annerleis dagen blir om du berre let være å fokusere på det som irriterar, sårar og bekymrar deg? Når du i stadenfor å bekymre deg, berre let Gud ta det?
På tavla i gangen vår har det hengt eit bibelvers den siste måneden: Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause ( Joh 14.27)
Dette har vore ei utfordring for meg, men ei utfordring som eg har prøvd å øve meg på desse første vekene i 2015. For 2015 sålangt har jo ikkje kun vore dritt. Det har jo vore så mange nydelege augeblikk, så mange augeblik eg har tenkt at eg er fantastisk velsigna. For til sjuande og sist handlar det om livet eg har lyst leve, og kva eg ønskjer skal være fokuset for mitt liv. Eg ønskjer å leve eit liv med ei større hensikt enn meg sjølv, eit liv der eg kan løfte blikket frå mine til Jesus og det han har gjort for meg.
I will stumble, I will fall down
But I will not be moved
I will make mistakes, I will face heartache,
But I will not be moved
On Christ the Solid Rock I stand,
all other ground is sinking sand
I will not be moved
Natalie Grant - I will not be moved

lørdag 17. januar 2015
Kva lengtar du etter?
Om forhold, Gud og sånt.
Som dei fleste andre jenter på min alder er eg opptatt av gutter, av å finne "Drømmemannen" med stor D. Innimellom, så kan det virke som om alle mine jevnaldrande er godt i gang, har funnet seg ein kjæreste, nokon er forlova, medan andre igjen allereie er både gift og har barn, og at eg er den einaste i heile verda som framleis er singel og utan gifteplanar ( litt dramatisk kanskje, men eg trur ikkje eg er den einaste som har kjendt på dette). Innimellom må eg minne meg sjølv på at eg kun er 22 år, og at sjølv om det kan av og til virke slik, så er ikkje alle andre enn meg gift eller på veg til å bli det. Den gjennomsnitlege 22 åringen er ikkje gift og har barn, og har ikkje planar om det heller med det første. Eg har faktisk god tid. Og Gud har ein plan for meg og mitt liv, det er eg 100% sikker på.
Eg merkar at dei gangane eg har stressa veldig med dette, har eg gjort ting som har vore veldig forhasta og heve meg ut i ting som eg virkeleg har fått kjenne på at ikkje var Hans plan for meg.
Gud minner meg stadig vekk på at eg må først gå inn i ein kjærlighetsrelasjon med Han først, så skal han gi meg alt eg lengtar etter. Eg må våge å elske og la meg bli elska av Han først, at Han kan fylle tomrommet mitt, det som ingen andre, ikkje ein gang ein kjæreste/ ektefelle kan fylle. Eg må bli heil først. Og eg må la Gud få fortelle meg kva eg treng i eit forhold. Eg må våge å tru at Kongenes Konge, han som kjenner meg betre enn eg kjenner meg sjølv, veit kva eg treng i eit forhold, og ikkje minst, veit kva tid eg er klar for den relasjonen eg lengtar etter.
Før jul hadde vi besøk av ei amerikansk dame som snakka til jentegruppa vi jobbar med å starte opp. Ho snakka varmt om det å skrive ned ei liste over eigenskapar som vi ønska at ein framtidig kjæreste/ ektemake skulle ha, eg har tenkt mykje på dette, og kommet fram til at eg synes dette var utfordrane og vanskeleg. Heilt til eg i dag, når eg satt og las pensum og kom over ein beskrivelse av Jesus, og eigenskapar som Jesus hadde, og eg innsåg, det er jo dette eg lengtar etter!
Eg lengtar etter å bli elska av Jesus, og å bli elska ev ein mann som er lik han.
Berre høyr på denne beskrivelsen, fritt oversatt frå engelsk: "Ein mann med ein djup relasjon med Gud, ein mann gjennomsyra av bønn, ein mann med eit hjerte for misjon og med visjonar for si eiga teneste, ein mann som modig utfordra status quo, ein mann full av kjærleik og empati, ein mann som tilgav, ein mann som rakk ut si hand til dei utstøtte, horer og forhatte, ein mann som elska dei sårbare og fattige, ein mann som er og var kjærleiken, rettferden, nåda og barmhjertigheita, ein mann som gav helbreding til dei såra.
Dette er det eg lengtar etter. Jesus er den eg lengtar etter.

fredag 2. januar 2015
Kva draumar du om?
I haust fekk eg være med på ein retreatdag i regi av skulen, da fekk vi litt tid for oss sjølve, eg brukte denne tida til å skrive ned og snakke litt med Gud om mine draumar. Mykje av det eg går og draumar om føler eg ligg rett rundt hjørnet, men likevel ligg det utanfor rekkevidde. Eg har mange spørsmål til Gud om desse. Eg opplev at han utrustar meg veldig konkret mot det som ligg framfor meg, samtidig som han viser meg steg for steg kva områder i livet mitt eg treng å la han få plass.Eg har ein del eg må jobbe med, for å sleppe å dra min dritt og bagasje inn i framtidige relasjonar, og vil eg at Gud skal være i sentrum i eit framtidig forhold må eg jobbe med å sette han i sentrum i mitt liv i dag.
Januar er tida for å sette nye mål og forsett, men eg vil at det skal være meir enn berre eit nyttårsforsett som feks: lese meir i Bibelen, det er viktig bruke tid med Gud gjennom å lese i bibelen, men eg ønskjer at det skal handle meir om korleis eg vil leve heile livet mitt, og ikkje berre enda eit uoverkommeleg mål som eg set til meg sjølv.
Det fine er at sjølv om eg kanskje kan føle litt hastverk innimellom med å komme i gong med livet med stor L, så har Gud heldigvis ikkje det, han minner meg stadig på at det er hans på hans timing alt skal skje, og ikkje på mi. Livet mitt er det som skjer i dag, og eg må la Gud få legge ned draumar i meg om dagen i dag.
Mine håp og draumar for 2015 er å lære meg å lage enda fleire gode og sunne middagar, slik at vi kan få fleire gode stunder rundt kjøkkenbordet vårt, å leve eit liv nærare Gud, å få jentegruppa opp og stå, spille meire brettspill (dette er alvorlig undervurdert har eg oppdaga i jula), få meire kontroll over forbruket mitt, og bli flinkare til å prioritere det som gjev meg energi, og prioritere vekk det som tek energi.
Det handlar om livet eg ønskjar å leve, om å leve eit liv som gjev Gud ære, og som tilfredstillar Han, og ikkje samfunnet rundt meg, eller berre meg sjølv, eg ønskjer at livet mitt skal ha eit større fokus. Eg ønskjer at Han skal være i fokus. Det er min draum for 2015
søndag 4. mai 2014
Bønnesvar
Det er mykje som surrar rundt i hovudet mitt for tida. Leilighet, eksamen, skule, jobb. Men livet er fint. Tenkt at eg for 10 måneder sidan flytta til Oslo og kunne telle på ei hand alle eg kjendte, eg hadde ingen av dei næraste vennane mine her. Det var utrulig skummelt. Men Gud fikser, det gjer Han alltid. No sitt eg her med så mange nye venner, gjennom skulen, menigheten og studentgruppa som eg er leiar for. Eg er heldig og velsigna. Eg skal, om alt går etter planen flytte i lag med to hærlige jenter som eg ikkje kjendte før eg kom hit.
Det er så fantastisk. Gud kjem med bønnesvar etter bønnesvar. Økonomien har vore svært stram heile hausten, og eg har bedt så mykje om ei løysing, om ein jobb som kunne gi meg litt større fridom med tanke på økonomien og som samtidig ikkje skulle ta for mykje av den allereie litt begrensa fritida mi. Løysinga kom rett etter påske, då fekk eg jobb som kapell asstistent på skulen, og med ein time betalt arbeid kvar dag betyr det at sparepengane mest sannsynlig får lov å stå i fred å være nettopp det, sparepenger, og ikkje brukskonto for å få økonomien til å gå rundt.
Ah, Gud er god og sola skin! Kan det bli betre? ( hehe, ja det kan det faktisk, vil du være med å be om at bosituasjonen løyser seg? )
Magnhild

mandag 3. mars 2014
Om å gå vidare
Kva vil det seie å gå videre?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?
Kvar er eg i dag?
Har eg gått vidare?
Har eg endeleg klart å tilgje?
Kva vil det forresten seie å tilgje?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?
I det siste har eg tenkt at det å tilgje handlar meir om Gud enn meg sjølv.
Det handlar meir om å legge alt på Gud
og seie her er eg Gud,
med alt som gjer vondt og som er sårt.
I møte med Gud er eg sårbar. Han ser jo rett igjennom meg.
Han ser visst eg ikkje har lagt frå meg sinnet mitt.
Han ser at det er kun meg sjølv eg sårar om eg ikkje tilgjev.
Når eg vågar å opne opp for Gud har eg ingenting meir å gøyme.
For eit par veker sidan fekk eg det finaste komplimentet når det gjaldt songen min.
Det var ei som verkeleg hadde lytta.
Ho kom bort til meg å sa at det var noe veldig vakkert med stemma mi.
Noko sårbart.
"Yes!" tenkte eg.
Endeleg ei som har fått med seg det eg formidla.
Det var ein lovsong eg song.
Den handla om å komme til Gud med alt eg har.
Sjølv om det ikkje er så mykje.
Sjølv om det berre er to små fisker og fem små brød.
Sjølv om det berre er tårar og sår.
Når eg gjev tårane, sinnet mitt, og såra mine til Gud,
då blir det plass til glede igjen.
Latter. Smil. Kjærlighet.
Det blir plass til Gud.
Og Gud er kjærleik.

søndag 1. desember 2013
Tom.
Sliten i kveld. Litt tom egentlig. Rart å komme til ein ny stad igjen, der ein føler seg så ukomfortabel. Ingen som tar i mot deg. Ingen som seier hei. Rart og vondt. Var lenge siden eg har kjendt på denne følelsen av stå utanfor. Trudde eg hadde sluppe unna den.
Også skjer det igjen, det som ikkje skulle skje. Dårlig samvittighet. Sliten. Traff gamle kjendte. Glad. Kom heim. Lei. Snart eksamen. Stressa. Sliten. Trøtt. Sa eg sliten?? Mye å tenke på. Hodet er fullt. Setter på ein serie. Snart natta no.
God natt.
Iallefall natta.
No.Natt.

Abonner på:
Innlegg (Atom)