onsdag 2. mars 2011

Tankar




Det er deilig med vinterferie. Spesielt på kvelder som denne. Eg trur det må være noko av det eg liker best med ferie. Når alle andre i huset har lagt seg, og huset er heilt stille. Bare duringa frå oppvaskemaskina i bakrunnen, mens eg sit og les eller skriv. Det er fantastisk. Heilt fantastisk. Tusle åleine i seng, barbeint, slukke lysa og sette seg ned å tenke over dagen, skrive ned tankar og følelsar. Det er lenge sida eg har hatt den følelelsen no. Den følelsen av at det er ettellerannet i hodet mitt som bare må ut, noko som eg må skrive ut. Det er deilig. Den følelsen kjem som oftast når det er sterke følelsar innvolvert, forelskelese, sorg, sakn. Men avogtil kjem den også på dager som denne, når eg kjenner roa og stillheita.

Det er å gøy å sjå et det er så mange som har vore innom og lest bloggen min i det siste. Dei fleste av dokke er berre tall på telljaren siden ingen kommenterer. Men dere skal vite at dere er satt stor pris på! Avogtil blir eg overraska over at så mange liker å lese alle desse rare tankene som dukker opp i hodet mitt...