tirsdag 24. mai 2011

Fridom i dag

Kva er fridom?
Er det å hoppe naken i sjøen ein varm sommardag?
Er det å kjøre bilen heilt åleine for første gong?
Er det retten til å seie det eg meinar?
Kva betyr fridom i dag?
For meg?

Mange flyktar til Noreg frå andre land, for å oppleve fridom. Dei har levd i krig og fattigdom heile sitt liv, og har rømt til fridommen. Trur dei.
Vi Noreg er stolte over å leve eit fritt land. Med talefridom, og pressefridom er vi sjølve definisjonen på fridom. Trur vi.

Det dei ikkje veit, det vi ikkje seier, er alle dei andre lovene vi har. Dei som ikkje er nedskrivne. Dei som seier kva ein kan ha på seg, kor mange kilo ein kan vege, og kor smart ein kan være. Ein skal skilje seg ut, men ikkje for mykje, ein skal være som alle andre, men ikkje for mykje. Ein skal være seg sjølv, men ikkje for mykje.

Det er malar på korleis ein skal sjå ut, kva ein skal ete, kva ein skal tru på. Ja ein skal respektere alle religionar, og helst ha prøvd eit par tre av dei og, men ikkje kristendommen, då. For dei kristne tek berre feil.

Og i virvaret mellom denne jungelen normer, skal ein helst ha det godt med seg sjølv. Viss ikkje skal ein lese eit vekeblad, for dei fortel deg korleis du skal ha det godt med deg sjølv, og ikkje minst korleis du skal ha god sex. For med sex vert alt bra igjen. I alle fall i følgje vekeblada.

Vi prøver gjerne å innbille både oss sjølve og dei rundt oss at livet vårt er perfekt, at stua vår alltid ser ut som de er tatt ut av ein Ikea katalog, og krangling i familien? Det er eit fenomen ein aldri har høyrt om. For det er så utruleg mykje lettare å berre late som om alt er perfekt, enn å stå fram å seie at ”Nei, alt er ikkje heilt greitt, det er vanskeleg”. For viss ein er heilt ærleg, innerst inne er det ikkje dette du vil høyre når du spør: ”Korleis har du det?”.

Ein vil helst berre bite tennene saman, for viss ikkje naboen seier det er vanskeleg, då treng vel ikkje eg heller å sei det?

Fridom i dag, for meg, er å kunne seie: Nei, i dag har eg det ikkje så bra, men viss du hjelper meg, og står saman med meg, så kan eg kanskje få ein betre dag i morgon?