torsdag 30. juli 2015

Om å gi det til Gud

(Sett på denne songen av Kari Jobe)

Av og til er det så lett å la seg rive med i den følelsesmessige berg og dalbana kalla livet.
For denne våren har verkeleg vore ei kjenslemessig berg og dalbane for min del.
Eg kan ikkje hugse sist eg kjente meg så fysisk og mentalt sliten som eg gjorde denne våren. Det har vore mykje å skulle balansere to jobbar, praksis, skule og Lagsarbeid.
Gud har velsigna meg rikeleg, men det følgjer også ei utfordring med desse velsigningane, ei utfordring om å stole på Gud til å gje meg energi og overskudd til å utføre alle oppgåvene mine og at Han gjer meg mot og styrke til å fortsette også når eg opplev at ting buttar litt i mot.

Ofte må Gud minne meg på å berre legge ting frå meg, desse tankane som berre kvernar om og om igjen i hovudet; ting som skal gjerast, oppgver som skal skrivast, rekningar som skal betalast.
Eg klarar ikkje å bere det åleine. Då er det godt at Jesus seier til meg: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! (Matt 11,28)
Av og til må eg berre gi alt det eg kjenner på til Gud, å la han fylle livet mitt med meining, slik at eg kan stå stødig sjølv om det er mykje rundt meg som trugar å vippe meg ut av balanse.

Det er lettare sagt enn gjort, og noko Gud har utfordra meg på og minna meg gong på gong denne våren, men "steady my heart"  har vore mi bøn til Gud dette semesteret, mitt største ønske og lengsel har vore å få kvile i Gud og å få stå stødig, og at eg ikkje så lett skal la meg blåse avgårde av dit kjenslene mine så lett vil ta meg.

Even when it hurts
Even when it's hard
Even when it all just falls apart
I will run to You
'Cause I know that You are
Lover of my soul
Healer of my scars
You steady my heart 


And I will run to You
And find refuge in Your arms
And I will sing to You
'Cause of everything You are


 I'm not gonna worry
I know that you've got me
Right inside the palm of your hand 

- Kari Jobe

Midt oppi heile denne tankeprosessen starta eg ei dagbok denne våren.
 Ei dagbok der eg skriv ned det eg opplev at Gud lærar meg, om livet, kjærleiken, og Han, og om meg sjølv.  I det eine avsnittet har eg skreve som overskrift: Let Go and let GOD - > "Where God guides, God provides." Det handlar om å klare å gje slipp, for det er verkeleg ikkje enkelt å gje slipp på draumer, framtidsplanar og alltid berre stole 100% på at Gud har dette, han har kontrollen.

Men når eg trur på ein allmektig Gud, som vil meg det beste, så må eg også våge å tru at Gud vil lede meg på den vegen eg skal gå og at han vil gje meg det eg treng, når eg treng det. I mellomtida kan eg slappe av, og senke skuldrene i vissheit om at det til sjuande og sist er han som har kontrollen over mitt liv.