søndag 4. mai 2014

Bønnesvar

Det er mykje som surrar rundt i hovudet mitt for tida.  Leilighet, eksamen, skule, jobb. Men livet er fint. Tenkt at eg for 10 måneder sidan flytta til Oslo og kunne telle på ei hand alle eg kjendte, eg hadde ingen av dei næraste vennane mine her. Det var utrulig skummelt. Men Gud fikser, det gjer Han alltid. No sitt eg her med så mange nye venner, gjennom skulen, menigheten og studentgruppa som eg er leiar for. Eg er heldig og velsigna. Eg skal, om alt går etter planen flytte i lag med to hærlige jenter som eg ikkje kjendte før eg kom hit.

Det er så fantastisk. Gud kjem med bønnesvar etter bønnesvar. Økonomien har vore svært stram heile hausten, og eg har bedt så mykje om ei løysing, om ein jobb som kunne gi meg litt større fridom med tanke på økonomien og som samtidig ikkje skulle ta for mykje av den allereie litt begrensa fritida mi. Løysinga kom rett etter påske, då fekk eg jobb som kapell asstistent på skulen, og med ein time betalt arbeid kvar dag betyr det at sparepengane mest sannsynlig får lov å stå i fred å være nettopp det, sparepenger, og ikkje brukskonto for å få økonomien til å gå rundt.

Ah, Gud er god og sola skin! Kan det bli betre? ( hehe, ja det kan det faktisk, vil du være med å be om at bosituasjonen løyser seg? )

Magnhild

mandag 3. mars 2014

Om å gå vidare

Kva vil det seie å gå videre?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?
Kvar er eg i dag?
Har eg gått vidare?
Har eg endeleg klart å tilgje?

Kva vil det forresten seie å tilgje?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?

 I det siste har eg tenkt at det å tilgje handlar meir om Gud enn meg sjølv. 
Det handlar meir om å legge alt på Gud
og seie her er eg Gud,
med alt som gjer vondt og som er sårt.
I møte med Gud er eg sårbar. Han ser jo rett igjennom meg.
Han ser visst eg ikkje har lagt frå meg sinnet mitt.
Han ser at det er kun meg sjølv eg sårar om eg ikkje tilgjev.
Når eg vågar å opne opp for Gud har eg ingenting meir å gøyme. 

For eit par veker sidan fekk eg det finaste komplimentet når det gjaldt songen min.
Det var ei som verkeleg hadde lytta.
Ho kom bort til meg å sa at det var noe veldig vakkert med stemma mi.
Noko sårbart.
"Yes!" tenkte eg.
Endeleg ei som har fått med seg det eg formidla.

Det var ein lovsong eg song.
Den handla om å komme til Gud med alt eg har.
Sjølv om det ikkje er så mykje.
Sjølv om det berre er to små fisker og fem små brød.
Sjølv om det berre er tårar og sår.

Når eg gjev tårane, sinnet mitt, og såra mine til Gud,
då blir det plass til glede igjen.
Latter. Smil. Kjærlighet.
Det blir plass til Gud.
Og Gud er kjærleik.