tirsdag 15. november 2011

Gud sjå bak mine ord

" Gud se bak mine ord, det finst et liv som vil ære deg. Mitt ønske er at min sang skal stige opp til deg. Som lyden av min tilbedelse"

Desse er orda frå ein av mine favoritt lovsanger av Rudi Myntevik.  I sommer da eg var på LS i Tromsø var vi på biltur eine dagen, heilt ut mot sommarøy. Det tok ei stund å kjøre ut dit og vi jentene som var med på lederlinja fullte opp ein bil og hadde bilstereoen på full guffe med lovsang. Blandt anna denne songen. Den innleia ein veldig interresant samtale: Kva betyr denne songen og desse orda for deg? Vi hadde alle fem heilt forskjellige tolkningar på denne songen, noko som eg syntest var uffateleg interessant. Eg kan ikkje heilt huske kva dei andre jentene la i denne songen men for ei handla det om å strekke seg etter Gud.

For meg har denne songen fått ein heilt annan betydning. For meg er denne songen ei bøn til Gud at han må sjå bak alle desse orda, for alt eg vil er jo berre å lovsynge han. I dag klager mange over lovsanger, at det bare blir tomme ord som vi syng. At vi synger at vi gjerne vil gi liva våre til Gud og Jesus, men så vil vi ikkje det likevel. Det vert berre tomme ord. Mitt ønske når eg lovsynger er at det ikkje berre skal være tomme ord. Kanskje meiner eg ikkje alle orda som eg syng, men at inne i hjertet mitt så er det ein lengsel etter å gjere desse orda til mine.

Her på Solborg har vi snakka litt  i det siste om tungetale og korleis det er vårt hemmelige bønnespråk med Gud. Eg har aldri snakka i tunge før, men kanskje er lovsongen og bønna bak lovsangen mitt bønnespråk med Gud?

Kjære Gud, eg bare ber deg om at du må sjå bak alle orda i livet mitt, du må sjå bak orda i lovsongen min, slik at du kan sjå meg og den eg eigentleg er. Kjære Gud, eg takkar deg for at Du allerde gjer det. Takk og Amen!

onsdag 2. november 2011

Gatefoto i Stavanger

Det er lenge sia Speilrefleksen har fått være med meg ut på tur. Som oftest syns eg at det blir for stort og gå å drasse med meg rundt over alt. Så derfor blir det ofte lenge mellom kvar gong speilrefleksen får lov til å komme ut av fotobagen. Men på lørdag var det aktivitetssemnar igjen, og ein av aktivitetane vi kunne velge var gatefoto. Oppgava var nokså generell: Sett instillinga på svart/kvitt, kom deg ned i sentrum og sett igang. 

Her har du ein smakebit på nokre av bilda mine:


Eg syntest det var uffateleg gøy og spennende og bare gå rundt heilt for seg sjølv i nokre timar og berre utforske sentrum med kameraet mitt. Eg følte meg meget sofistikert der eg gjekk med alpelue og heklasjal og eit kamera i handa. Gatefoto var ein spennande sjanger som eg ikkje har utforska tidligare, men som eg trur eg kanskje kjem til å utforske litt på eigenhand og, for dette var GØY!






PS! Visst du vil skjekke ut resultatet til resten av gjengen kan du ta ein titt her: http://galeogglobale.smugmug.com/Bilder2011-2012/Oppgaver/Gatefoto/19793316_LbJdxz#1555520765_kgFMtkV