lørdag 20. april 2013

Vårteikn


Våren er på veg. Vårsola skin på vindauget og varmar godt. Eg er så glad i våren, når vinteren endelg smeltar bort og nye solstrålar kjem inn og smeltar ein kald vinterkropp. Eg klarar liksom aldri heilt å bestemme meg for kva årstid som er mi favoritt årstid, for kvar gong ei årstid går over i ei ny, så er eg heilt sikker på at dette må være mi favorittårstid.

Denne våren er ekstra fin, alt som har tunga denne vinteren (all usikkerheten, einsamheita midt i folkemengda, den følelsen av at om ingen berre kan ta to skritt bak og berre la deg puste, så kjem du til å bli kvalt) alt har liksom løsna litt. Eg flytta ut av leiligheta etter jul, og det hjalp veldig, endeleg har eg eit sted for meg sjølv eg kan puste ut og slappe av på. Pappa blei tilslutt operert, og etter ein del fram og tilbake vart han endeleg utskriven i vinterferien når eg var heime.

Eg begynte å skrive dette innlegget med ein gong dei aller første vårteikna kom i begynnelsen av mars, men det blei aldri fullført, kanskje fordi den hærlege tankerekka som eg var inne på her forsvant litt for meg i eit lite augneblink? Våren har også bydd på oppturar og nedturar, men først og fremst har våren bydd på varme, varme fra gode smil, solstråler og fine minner som har blitt skapt i vårsola.

I dag har vore ein slik dag, stryk det, dette har vore ei slik veke, ei veke med masse aktivitet og førebuingar. Eg har vore heldig denne veka, fått brukt og vist fram det beste av meg sjølv, av det eg har lært dette året, av scenetrygghet, organisering og gjennomføring.  Det har vore godt å kjenne litt på den følelsen av at dette meistrar eg, her er eg trygg, dette kan eg! Høydepunktet på veka vart for meg denne dagen, ute i sola med hoppeslotta og alle barna på markedsdagen,musikalen og ut å spise med gode mennesker på kvelden. Dette har vore gode dagar. Måtte det bli fleire av desse.