tirsdag 24. november 2009

Krav

Setter du krav til deg sjølv? Har du mål du vil oppnå? Kor langt går du for å nå desse måla?
Eg sett krav til meg sjølv, høge krav. Det er vel noko vi alle gjer til ein viss grad er det ikkje?
Og viss ikkje du sett dei krava er det iallefall andre som sørger for å sette dei krava for deg.
Det er krav heile tida, over alt. Det er krav til karakterar, det er krav til drikking, krav til sex, krav til skjønnheit. Også vidare også vidare....

Eg sett krav til meg sjølv når det gjeld song. For eg veit eg kan synge bra, og når eg ikkje får det heilt til. Når det ikkje blir bra nok, når det ikkje blir fint nok, når det ikkje reint nok. Då blir eg skuffa. Skuffa over meg sjølv, skuffa over at eg ikkje klarar å bevise at eg klarar det, sjølv om songen er kjempevanskeleg. Du kjenner kanskje til følelsen at du ikkje meistrar noko?

Det er ingen god følelse. Men det veit du. Gjer du ikkje?

Eg føler ofte at eg har noko å bevise når det gjeld song. Kanskje fordi eg brenn så mykje for songen? Alltid når eg får ein ny solo føler eg at eg må bevise ett eller anna for nokon. Bevise at eg klarar det, bevise at eg kan det, bevise at eg er flink.  Fordi eg veit at eg kan klare det, eg veit at eg er flink nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar