torsdag 6. januar 2011

Inspirasjon

Av og til kommer det noe over meg slik at eg blir berre maks inspirert.

Eg har ofte tenkt når eg har sett flott natur: Eg kunne ønskje eg var ein malar som kunne feste alt dette vakre på eit lærett. Desverre har den kunstneriske arva ikkje blitt likt fordelt i slekta og eg eig verkeleg ikkje kreativ sans når det gjeld maling og handarbeid.

Men ein ting begynner eg å kunne, og det er foto. Tenkte eg ville dele nokre av bileta eg tok i haust då eg var ute på oppdagelsestur i skogen nedanfor oss...
Skogen kan være eventyrleg i blandt og det er spanande når eg avogtil klarar å fange den stemninga i biletet. Avogtil kan eg ikkje sjå eventyret og stemninga med ein gong. Men når eg byrjar å redigere, kjem den fram, litt etter litt.

Det går ein liten smal sti utifrå den vanlege turstien. Dei ferraste har vel lagt merke til han. Men det har eg, og i fleire år har eg lurt på kvar den gjekk. Ein dag bestemde eg meg for å ta med meg kameraet mitt og utforske den elskede skogen min frå ein litt annan vinkel enn vanleg.


Eg fant ein vakker blome..



Eg var ikkje komen langt frå hovedstien før eg traff på dette gjerdet. Men er ein på eventyr, så er ein på eventyr, og da let ein seg ikkje stoppe så lett. Eg kraup under.


Her var fantastisk haustver.


Ein sopp fant eg og.



Eg fulgte ikkje stien heilt til enden, eg fant ut at eg må ha fleire oppdagelsesturar hit ned, og ta fleire bileter, så eg snudde, og begynnte å sykle heim igjen. Men eg kom ikkje så langt før eg måtte legge frå meg sykkelen og ta fram kameraet igjen. For dette var flott! Kanskje du blir med neste gong?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar