lørdag 14. november 2015

Om å lytte til Gud


Balansen mellom arbeid og kvile er noko eg har tenkt utrulig mykje på denne hausten.
Korleis balanserar vi krava til verda med sofaen som lokkar?
Korleis balanserar vi det å gå ut, og gjere alle folkeslag til disipler og det å være stille og lytte til Gud? Korleis får vi auge på, og auge til å sjå kva Gud ønskjer å bruke oss til i ein travel kvardag? Korleis held vi fokuset på han, når det er så mykje anna som tek fokuset vårt?
 
I sommar tilbragte eg til saman fire veker på hytta. Utan telefondekning, tv, og radio. Eg blei tvinga til å slappe av og til å være stille.  Eg fekk tid til å lese mange bøker, og til å snakke med Gud. Og då eg drog tilbake til Oslo var batteria lada opp igjen, og eg gledde meg til å komme tilbake til kvardagen igjen. Men då eg kom tilbake til Oslo, så var også stresset der igjen, all støyen, alle krava. Eg hadde ein presentasjon andre veka tilbake, og eg var mildt sagt stressa. Kor blei det av freden? Kor blei det av stillheita?

Av og til er det veldig lett å bli gira på Jesus etter leir, eller etter ein tur. Og ein gjev seg sjølv mange løfter, om feks lese i bibelen kvar morgon. Men så kjem kvardagen, og du er tilbake i same tralten, du har alltid fem minutt for lite om morgonen, og er alltid litt før trøtt på kvelden. Og vips så er veka gått, og du er framleis ikkje kommet noko lengre i bibelleseplanen din.

Av og til kan det være utrulig vanskeleg å sette av tid til å bruke med Gud i kvardagen. Av og til betyr det å bruke tid med Gud at vi er nøydt til å kutte ut andre ting i liva våre, slik at vi klarar å lytte til Guds stemme, slik at han kan løfte blikket vårt.

Å lytte til Gud handlar om å ta seg tid til å bli heilt stille. Om å seie her er eg Gud, har du noko du vil seie meg? Når eg prøver å lytte til Gud om noko spesielt, så prøver eg ofte å skrive ned bønnene mine i ei notatbok, da er det lettare å halde fokus på det du ber om og ikkje la tankane vandre av sted. Og det kan det også gjere lettare å gå tilbake og sjå om Gud har svart på bønnene mine.
Gud har velsigna meg rikelig, eg går på eit kjempespennande studie, der eg har mange venner, eg bur med tre utrulig flotte jenter, og eg har praksis i eit kjempespennande ungdomsarbeid. Men med alle desse velsigningane kjem også ei utfordring om å klare å stole på Gud.

For greia er eg klarar det ikkje åleine. Eg maktar ikkje å balansere, jobb, studium, praksis og venner når eg prøver det på eiga hand.
Eg må stole på Gud. Eg trur Gud har så utrulig lyst til å utrette store ting, både gjennom mitt, og ditt liv, men han ventar på at vi skal sleppe han til. At vi skal slutte å rope ”klare sjølv!”, som ein liten treåring men at vi skal stoppe opp og innrømme at nei, eg klarar det ikkje sjølv. Og eg trur a når eg har sagt: Gud hjelp meg! Så må eg og våge å lytte til kva han ber meg om å gjere.
 
Jesus ønskjer at vi, som hans disiplar skal leve liv med overflod, overflod av glede, latter og krefter i vår kvardag. Men av og til så inneber det at vi må ofre noko for å klare det, at vi må våge å ofre noko av tida vår til å bruke med Jesus, eller våge å gi slipp på ting som ikkje er bra for oss. Livet med Jesus er eit utrulig spennande liv.

Utfordringa er berre: tørr du å sleppe taket, og gi frå deg kontrollen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar