tirsdag 5. juni 2012

Krav - reposted

Kvardagen min som stuepike på eit av hotella i byen er ein travel kvardag med mange krav og eg sitt ofte igjen med følelsen av at eg ikkje strekk til etter eg er ferdig. Eg snubla over to gamle innlegg som eg skreiv i november 2009 om krav som eg egentlig kjendte at det traff meg veldig no. Kanskje er dette noko som er aktuelt for deg og?


Sett du krav til deg sjølv? Har du mål du vil oppnå? Kor langt går du for å nå desse måla?
Eg sett krav til meg sjølv, høge krav. Det er vel noko vi alle gjer til ein viss grad er det ikkje?
Og viss ikkje du sett dei krava er det i alle fall andre som sørgjer for å sette dei krava for deg.
Det er krav heile tida, over alt. Det er krav til karakterar, det er krav til drikking, krav til sex, krav til skjønnhet. Også vidare også vidare....

Eg sett krav til meg sjølv når det gjeld song. For eg veit eg kan synge bra, og når eg ikkje får det heilt til. Når det ikkje blir bra nok, når det ikkje blir fint nok, når det ikkje reint nok. Då blir eg skuffa. Skuffa over meg sjølv, skuffa over at eg ikkje klarar å bevise at eg klarar det, sjølv om songen er kjempevanskeleg. Du kjenner kanskje til følelsen at du ikkje meistrar noko?

Det er ingen god følelse. Men det veit du. Gjer du ikkje?

Eg føler ofte at eg har noko å bevise når det gjeld song. Kanskje fordi eg brenn så mykje for songen? Alltid når eg får ein ny solo føler eg at eg må bevise eit eller anna for nokon. Bevise at eg klarar det, bevise at eg kan det, bevise at eg er flink.  Fordi eg veit at eg kan klare det, eg veit at eg er flink nok.

Gud set ingen krav. Ingen krav utanom at du må tru på han for å bli frelst. Eg kan synge så falskt eg berre klarar og han vil fortsette å elske meg. Er ikkje det litt fint? Eg treng ikkje å bekymre meg om karakterane mine når eg står framfor gud, og ikkje om sminka mi er fin nok. I Guds auge er eg perfekt.

Alle krav som blir satt, alle krav som vart satt av Gud, dei er borte. Berre fordi Gud elska meg og sendte sin son for å dø på korset.

Eg trur ikkje vi heilt skjønnar kor stort og vondt det må være for Gud å sjå sin eigen son døy, å sende sin eigen son i døden. Vi tar litt for lett for det trur eg. " Gud sendte sin einborne son til jorda for å døy... Hæ?? For å dø?! " Slik tenkjer eg i alle fall ofte på det, eg gløymer kor vondt det er å miste nokon du er glad i.  For det var ikkje eit lite offer Jesus og Gud gjorde på korset....

Og med korset forsvann alle krav....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar