lørdag 9. juni 2012

Løfter til å dø og leve på


Løfter til å dø og leve på er det eg har skreve over eit bibelord i notatboka mi " Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå." (luk 21:33) I Bibelen er det mange løfter, men ein sein kveld i haust var det akkurat dette løftet som traff hjertet mitt. Løftet om at Guds ord er det samme i dag som den gongen det vart skreve, og at uansett om alt anna rundt meg rasar og forsvinn, så er han framleis der og held sine løfter til meg.

Det er rart korleis ulike bibelvers, ulike løfter, følgjer ein i ulike periodar av livet, i haust, då farmor fekk slag  og vart sjuk, samtidig som eg begynte på Solborg og var langt frå heime, var det: " Alt maktar eg i han som gjer meg sterk" ( Fil. 4:13)  som surra i hodet mitt og gav med styrke til å halde fram å smile, le og fungere nogenlunde normalt, når eg følte at fleire av mine haldepunkt rasa vekk. Eg kom då, som no, stadig vekk tilbake til orda eg fekk frå dei andre på lederlinja på LS i fjor, om at Gud har gitt meg ei ryggrad av stål for å takle utfordringar som kjem til å møte meg i livet, om at eg har fått styrke for å kunne gje styrke vidare ( noko sånt som ta på si eiga maske før du kan hjelpe andre).

No i vår er det særleg dei siste orda i verset frå Josva 1:5 som har hengt seg fast i hjernebarken min: Josva 1:5 " Så lenge du lever skal ingen kunne stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg." Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg er eit godt løfte å halde i hjertet sitt når eg føler at Gud er langt borte, at eg har forvilla meg litt bort frå Han.

Josva 1:9 "Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går."

Dei første arbeidsdagane som stuepike var tøffe, og eg følte meg nedbrutt og sliten på veg heim. Eine dagen etter endt arbeidsdag, satt eg på bussen på veg heim, og var eigentleg mest klar for å sei opp heile jobben, då eg fekk Aldri går du frå meg av Impuls på øra:

Tidene skifter, Du er konstant
Selv når det stormer er Du som fjell
Tilværelsen hviler trygt i din hånd, Du har kontroll
Du kjenner mitt indre, Du vet hvem jeg er
Du vet hvem jeg er
For meg vart det nok ei påminning på at Gud er med meg, at han ser alt eg slit med og syns er vanskelig, og at han er med meg på kvart eit skritt.

Hebrearane 13: 6 "Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar