mandag 3. mars 2014

Om å gå vidare

Kva vil det seie å gå videre?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?
Kvar er eg i dag?
Har eg gått vidare?
Har eg endeleg klart å tilgje?

Kva vil det forresten seie å tilgje?
Vil det seie at alt er gløymt?
Lagt bort i eit hjørne som ein berre har glemt av,
eller iallefall ikkje er innom så ofte?

 I det siste har eg tenkt at det å tilgje handlar meir om Gud enn meg sjølv. 
Det handlar meir om å legge alt på Gud
og seie her er eg Gud,
med alt som gjer vondt og som er sårt.
I møte med Gud er eg sårbar. Han ser jo rett igjennom meg.
Han ser visst eg ikkje har lagt frå meg sinnet mitt.
Han ser at det er kun meg sjølv eg sårar om eg ikkje tilgjev.
Når eg vågar å opne opp for Gud har eg ingenting meir å gøyme. 

For eit par veker sidan fekk eg det finaste komplimentet når det gjaldt songen min.
Det var ei som verkeleg hadde lytta.
Ho kom bort til meg å sa at det var noe veldig vakkert med stemma mi.
Noko sårbart.
"Yes!" tenkte eg.
Endeleg ei som har fått med seg det eg formidla.

Det var ein lovsong eg song.
Den handla om å komme til Gud med alt eg har.
Sjølv om det ikkje er så mykje.
Sjølv om det berre er to små fisker og fem små brød.
Sjølv om det berre er tårar og sår.

Når eg gjev tårane, sinnet mitt, og såra mine til Gud,
då blir det plass til glede igjen.
Latter. Smil. Kjærlighet.
Det blir plass til Gud.
Og Gud er kjærleik.

1 kommentar: