lørdag 14. februar 2015

Kva bekymrar du deg for?

Begynnelsen på 2015 har vore skikkelig dritt eigentleg for min del, det har vore mykje styr, og mykje bekymringar for rekningar som skal betalast og berre ein rekke småting som har prøvd å trekke meg ned. Ting som ikkje har vore så store i seg sjølv, men som til saman nesten har vorte litt for mykje for meg.
Av og til blir det litt sånn for dei fleste av oss. Ting som tek fokuset vårt vekk frå det som verkeleg er viktig i livet, ting som tek fokuset vårt vekk i frå Gud.

Men har du lagt merke til kor annerleis dagen blir om du berre let være å fokusere på det som irriterar, sårar og bekymrar deg? Når du i stadenfor å bekymre deg, berre let Gud ta det?

På tavla i gangen vår har det hengt eit bibelvers den siste måneden: Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause ( Joh 14.27) 

Dette har vore ei utfordring for meg, men ei utfordring som eg har prøvd å øve meg på desse første vekene i 2015. For 2015 sålangt har jo ikkje kun vore dritt. Det har jo vore så mange nydelege augeblikk, så mange augeblik eg har tenkt at eg er fantastisk velsigna. For til sjuande og sist handlar det om livet eg har lyst leve, og kva eg ønskjer skal være fokuset for mitt liv. Eg ønskjer å leve eit liv med ei større hensikt enn meg sjølv, eit liv der eg kan løfte blikket frå mine til Jesus og det han har gjort for meg.

 I will stumble, I will fall down
But I will not be moved
I will make mistakes, I will face heartache,
But I will not be moved
On Christ the Solid Rock I stand,
all other ground is sinking sand
I will not be moved

Natalie Grant - I will not be moved

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar