lørdag 17. januar 2015

Kva lengtar du etter?

Om forhold, Gud og sånt.

Som dei fleste andre jenter på min alder er eg opptatt av gutter, av å finne "Drømmemannen" med stor D. Innimellom, så kan det virke som om alle mine jevnaldrande er godt i gang, har funnet seg ein kjæreste, nokon er forlova, medan andre igjen allereie er både gift og har barn, og at eg er den einaste i heile verda som framleis er singel og utan gifteplanar ( litt dramatisk kanskje, men eg trur ikkje eg er den einaste som har kjendt på dette).  Innimellom må eg minne meg sjølv på at eg kun er 22 år, og at sjølv om det kan av og til virke slik, så er ikkje alle andre enn meg gift eller på veg til å bli det. Den gjennomsnitlege 22 åringen er ikkje gift og har barn, og har ikkje planar om det heller med det første. Eg har faktisk god tid. Og Gud har ein plan for meg og mitt liv, det er eg 100% sikker på.

Eg merkar at dei gangane eg har stressa veldig med dette, har eg gjort ting som har vore veldig forhasta og heve meg ut i ting som eg virkeleg har fått kjenne på at ikkje var Hans plan for meg.

Gud minner meg stadig vekk på at eg må først gå inn i ein kjærlighetsrelasjon med Han først, så skal han gi meg alt eg lengtar etter. Eg må våge å elske og la meg bli elska av Han først, at Han kan fylle tomrommet mitt, det som ingen andre, ikkje ein gang ein kjæreste/ ektefelle kan fylle. Eg må bli heil først. Og eg må la Gud få fortelle meg kva eg treng i eit forhold. Eg må våge å tru at Kongenes Konge, han som kjenner meg betre enn eg kjenner meg sjølv, veit kva eg treng i eit forhold, og ikkje minst, veit kva tid eg er klar for den relasjonen eg lengtar etter.

Før jul hadde vi besøk av ei amerikansk dame som snakka til jentegruppa vi jobbar med å starte opp. Ho snakka varmt om det å skrive ned ei liste over eigenskapar som vi ønska at ein framtidig kjæreste/ ektemake skulle ha, eg har tenkt mykje på dette, og kommet fram til at eg synes dette var utfordrane og vanskeleg. Heilt til eg i dag, når eg satt og las pensum og kom over ein beskrivelse av Jesus, og eigenskapar som Jesus hadde, og eg innsåg, det er jo dette eg lengtar etter!
Eg lengtar etter å bli elska av Jesus, og å bli elska ev ein mann som er lik han.
Berre høyr på denne beskrivelsen, fritt oversatt frå engelsk: "Ein mann med ein djup relasjon med Gud, ein mann gjennomsyra av bønn, ein mann med eit hjerte for misjon og med visjonar for si eiga teneste, ein mann som modig utfordra status quo, ein mann full av kjærleik og empati, ein mann som tilgav, ein mann som rakk ut si hand til dei utstøtte, horer og forhatte, ein mann som elska dei sårbare og fattige,  ein mann som er  og var kjærleiken, rettferden, nåda og  barmhjertigheita, ein mann som gav helbreding til dei såra.

Dette er det eg lengtar etter. Jesus er den eg lengtar etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar