fredag 2. januar 2015

Kva draumar du om?

Kva draumar du om? Det spørsmålet stilte Egil Svartdal oss på Skjærgårds i sommer. Kva draumar du om? Har du våga å snakke til Gud om dei? Har du våga å ta han med i prosessen? Har du våga å be over draumane dine?

I haust fekk eg være med på ein retreatdag i regi av skulen, da fekk vi litt tid for oss sjølve, eg brukte denne tida til å skrive ned og snakke litt med Gud om mine draumar. Mykje av det eg går og draumar om føler eg ligg rett rundt hjørnet, men likevel ligg det utanfor rekkevidde. Eg har mange spørsmål til Gud om desse. Eg opplev at han utrustar meg veldig konkret mot det som ligg framfor meg, samtidig som han viser meg steg for steg kva områder i livet mitt eg treng å la han få plass.

Eg har ein del eg må jobbe med, for å sleppe å dra min dritt og bagasje inn i framtidige relasjonar, og vil eg at Gud skal være i sentrum i eit framtidig forhold må eg jobbe med å sette han i sentrum i mitt liv i dag.

Januar er tida for å sette nye mål og forsett, men eg vil at det skal være meir enn berre eit nyttårsforsett som feks: lese meir i Bibelen, det er viktig bruke tid med Gud gjennom å lese i bibelen, men eg ønskjer at det skal handle meir om korleis eg vil leve heile livet mitt, og ikkje berre enda eit uoverkommeleg mål som eg set til meg sjølv.

Det fine er at sjølv om eg kanskje kan føle litt hastverk innimellom med å komme i gong med livet med stor L, så har Gud heldigvis ikkje det, han minner meg stadig på at det er hans på hans timing alt skal skje, og ikkje på mi. Livet mitt er det som skjer i dag, og eg må la Gud få legge ned draumar i meg om dagen i dag.

Mine håp og draumar for 2015 er å lære meg å lage enda fleire gode og sunne middagar, slik at vi kan få fleire gode stunder rundt kjøkkenbordet vårt, å leve eit liv nærare Gud, å få jentegruppa opp og stå, spille meire brettspill (dette er alvorlig undervurdert har eg oppdaga i jula), få meire kontroll over forbruket mitt, og bli flinkare til å prioritere det som gjev meg energi, og prioritere vekk det som tek energi.

Det handlar om livet eg ønskjar å leve, om å leve eit liv som gjev Gud ære, og som tilfredstillar Han, og ikkje samfunnet rundt meg, eller berre meg sjølv, eg ønskjer at livet mitt skal ha eit større fokus. Eg ønskjer at Han skal være i fokus. Det er min draum for 2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar